Norsk Olivinsenter - NOS

Ring

Norsk Olivinsenter - NOS Norsk Olivinsenter har lokalar på Thue gamle skule på Åheim. NOS samarbeider med lokal Gullsmed. Namnet kjem av mineralet sin olivengrøne krystallfarge.

Olivin er å finne i mellom anna bergarten dunitt, der olivininnhaldet overstig 90 % av vekta. Noreg har nokon av verdas største førekomstar av dunitt i hovudsak på Åheim i det verdskjente Almklovmassivet. Dunitt finnast også på Grønland, i USA og Sibir og i forbindelse med vulkansk aktivitet på f.eks. Lanzarote. Olivin er eit viktig industrimineral og Noreg er den leiande produsenten i Europa. Størst tonnasje går til råjernindustrien der olivin vert nytta som tilsatsmiddel i råjernprosessen, men også i støypreisand, som råstoff til ildfaste produkt osv. Som miljømineral har olivin funne nye bruksområde. Olivin kan absorbere fleire ulike miljøgifter som f.eks. tungmetall, organometall og også reine organiske miljøgifter. I tillegg kan olivin binde seg til CO2 og danne karbonater. Den verdensleiande produsenten av olivin ligg nettopp på Åheim, Sibelco Nordic AS. Den reine krystallen av olivin vert kalla peridot og er å rekne som ein edelstein. Nokre av verdas største og vakraste periodtar kjem frå Åheim og steinen var barokktida sin mest populære smykkestein og skulle blant anna bringe lykke til eigaren. Peridot er fødselsteinen for august og står for berømthet, styrke og energi. Verdensledende produsent av olivin er Sibelco Nordic AS i Åheim i Vanylven kommune på søre Sunnmøre.

Tidligare bestillingsarbeid, med innlevert  stein frå kunde.
07/09/2026

Tidligare bestillingsarbeid, med innlevert stein frå kunde.

Ønsker alle velkommen innom vår unike steinutstilling på Åheimsdagen lør. 5 sept.Vi har ope samtidig med Valborgsamlinga...
03/09/2026

Ønsker alle velkommen innom vår unike steinutstilling på Åheimsdagen
lør. 5 sept.
Vi har ope samtidig med Valborgsamlinga, kl. 11-13.

04/07/2026
Opningstider for 2026Vi ønsker alle velkommen til å oppleve vår unike steinutstilling i sommar☀️
30/05/2026

Opningstider for 2026
Vi ønsker alle velkommen til å oppleve vår unike steinutstilling i sommar☀️

Ensteinsanheng m/ lokal peridot.Her kan vi sjå lyseigenskapar mellom lampelys og nedtona lyskilde. Ved nedtona lys vil p...
27/04/2026

Ensteinsanheng m/ lokal peridot.
Her kan vi sjå lyseigenskapar mellom lampelys og nedtona lyskilde.
Ved nedtona lys vil peridoten naturleg lyse opp, og skape ein vakker mørkare grøn lysrefleks i fasettane.

Adresse

Åheim
6146

Telefon

+47 90 13 99 41

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Norsk Olivinsenter - NOS legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del