21/11/2025
Sjølv om øyrestikka, kjeda og medaljongane eg sel, er kjøpt frå trygge plassar, så har eg likevel testa det eg sel for nikkel. Alt testa negativt, noko som betyr at eg med sikkerheit kan seie at det eg sel vert rekna som nikkelfritt. (Ein nikkeltest kan kjøpast på apoteket.)
Eg kjøpte nokre øyrestikk frå ein stad eg ikkje rekna med solgte heilt trygge varer, dette for å kunne teste for samanlikning. Desse slo ut positivt for nikkel.
Eg selge stortsett berre øyrestikk og smykker i rustfritt stål. Nokre av grunnane er at rustfritt stål vert rekna som eit allergivennleg materiale, samt at det er ganske holdbart og held seg fint lenger, enn til dømes messing.
Om du er veldig allergisk, og ikkje tåler noko metall, så vil du nok heller ikkje tåle rustfritt stål. Då kan metall som titanium eller rhodium vere eit alternativ. Dette sel eg ikkje. Men eg sel øyredobbar med plast-stikk, som eit allergivennelg alternativ😊
Nokre trur dei har, eller kan ha, nikkelallergi, men det kan vise seg at det er kopar ein reagerar på.
Kopar kan ein finne i blant anna sølv, sjølv om andelen er veldig liten, til og med i sterling sølv (925), som vert rekna som reint sølv. Dette fordi heilt reint sølv vert for mjukt, og ein må difor tilsette andre metall for at sølvet skal få dei rette egenskapane. Messing er den vanlegaste legeringa som inneheld kopar, gjerne saman med sink og aluminium. Smykker og øyredobbar av messing finn ein stortsett over alt. Eit rimlegare og greit materiale å bruke. Eg sel øyredobbar med messingstikk i tillegg til rustfritt stål. Messingstikka er rimlegare enn dei i rustfritt stål, lettare å få tak i og valgalternativa er meir variert.
Nokre kan reagere på det meste, andre ingenting, det er ingen garantiar for nokon av oss, og nokre gongar må ein berre prøve seg fram. Sjølv reagerar eg på nikkel, men tåler heldigvis, dei øyredobbane eg lagar sjølv😅